Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Årsmelding, regnskap og årsmøtereferat 2011
3. mai 2011

Årsmelding for i Numedalslaget i Oslo for 2010 finner du her sammen med årsmøtereferatet for 2011. Regnskapet finner du på slutten av artikkelen.

Årsmelding       01.01. – 31.12.2010

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

Svein Aasen har vore kontaktperson til BLS og NU.

Tillitsvalde i 2010: sjå vedlagte liste.

 

I meldingsåret hadde laget 45 medlemmar.

Det er 6 æresmedlemmar:  Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas,Svein Nørstebø, Jøran Strysse, Gunnar Ulbåsen og Svein Aasen,

og 1 livsvarig medlemskap: Valborg Dyrnes

Laget har 5 bimedlemmar (hovedmedlem i eit anna lag i NU/BLS).

Totalt har da laget 50 medlemmar.

 

Aktivitetar:

-          I meldingsåret har det vore 1 styremøte / arbeidsmøte + årsmøte11.02. (elles e-post - kontakt)

-          Råkåfiskfest på Røa Samfunnshus 30.01.

-          Omvising i Oslo Rådhus 10.03.

-          Ingen fellestur til Lagshytta i Lommedalen i år.

-          Lagsavisa ”Numedølen”  kom ut i september.

-          Laget har eiga heimeside på internett. Kontaktperson har vore Lars Peder Larsgård

-          Folkedansgruppa i laget har vore aktiv gjennom heile året. Sjå eiga årsmelding.

 

 

Råkåfiskfest  30.januar 2010

Festen vart halden på Røa Samfunnshus

Det var 79 personar til bords, av desse var 61 fullt betalande

Attåt fisken var det som vanleg både kling, mandelpotet, lauk og rømme.  

Festen blei leia av Lars Peder Larsgård.

Halgrim Berg kåserte om boka han hadde skreve: ”Om rakafisk – landet rundt”

Knut Morten Bjørnsrud hadde eit innlegg om ”Fjellvitt”, akevitt frå Uvdal. Smaksprøve til alle som ville ha.

Musikken sto Numedølen frå Veggli/Rollag for.

Økonomi – sjå vedlagte rekneskap 2010

 

Omvisning i Oslo Rådhus 10.03.2010

21 personar var med på ei interessant omvising med tidlegare ordførar i Oslo, Per Ditlev Simonsen, som guide. Han kunne fortelja om det meste, frå planleggjing og utsmyknig, til gode historier. Etter omvisinga gjekk ein del av dei frammøtte på Brasserie 45 og hygga seg.

 

Heimeside / e-post Numedalslaget i Oslo

Heimesida til Numedalslaget finn ein på www.numedalslaget.no

Eller på Numedalsweben under: lag/foreninger på nett (andre) www.numedal.net/

Numedalslaget har ikkje e-post adresse lenger. 
 


Referat frå årsmøtet i Numedalslaget i Oslo 09.03.2011

 

Tilstades: Nils Øyvind Bergset, Knut Kjønaas, Ragnhild Landerud, Lars Peder Larsgård, Bjørg Undebakke, Svein Aasen.

 1. Opning

Svein Aasen opna møtet og ønskte velkomen.

2. Konstituering

Øyvind Bergset blei valt til møteleiar. Bjørg Undebakke og Knut Kjønaas blei oppnemde til å skrive under protokollen. Ragnhild Landerud var referent.

3. Godkjenning av innkalling og saksliste

Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste.

4.Årsmelding 2010

Årsmelding 2010 blei lese opp av Ragnhild Landerud

Årsmelding for Folkedansgruppa blei lese opp av Nils Øyvind Bergset.

Begge årsmeldingane blei godkjende, med nokre kommentarar:

-         talet på medlemmar i laget/ deltakarar på folkedanskveldane blei korrigert

-         forslag om at Numedalslaget bør ha eiga e-postadresse

5.Rekneskap.

Svein Aasen (kasserar) gjekk gjennom rekneskapen for 2010, underteikna av kasserar og revisor 21.02.2011

Rekneskapen for 2010 blei godkjend, med nokre kommentarar:

-         kr.10000,- , som er avsett til festskrift, må inngå i postbankkonto – rette opp neste år

-         det blei vedteke å si opp forsikring på fane

6.Medlemspengar 2012

Styret må kunne auke medlemspengane slik at dei til kvar tid samsvarar med det vi må betale til BLS og NU, (som vedteke tidlegare år). Den delen Numedalslaget får, har vore uendra i fleire år, så det blei vedteke å auke medlemspengane med kr.20,- for vaksne, og for bimedlemmar

 

7.Innkomne framlegg.

Ingen innkomne framlegg

 

8.Val

Årsmøtet gjekk til val på forslaga frå valkomiteen, leia av Bjørg Undebakke.

Styremedlemmane Nils Øyvind Bergset, Ragnhild Landerud og Lars Peder Larsgård tok attval, periode på 2 år.

Varamedlem Bjørg Undebakke tok attval, periode 1 år

Hyttestyret: Levor Traaen tok attval. Olav Mogan gjekk ut, og Walborg Tuft kom inn. Periode 2 år.

Folkedansgruppa: Kjersti Aasen og Nils Øyvind Bergset tok attval, periode 2 år.

Revisor: Aasmund Flo tok attval, periode 1 år. 

Hedersmerke/Fortjenestemerke: Jøran Strysse og Levor Traaen tok attval, periode 2 år
 
Lotterifond: Nils Øyvind bergset og Knut Kjønaas tok attval, periode 2 år

Valkomite: Knut Kjønaas, Bjørg Undebakke og Kjersti Aasen tok attval, periode 1 år.

 

Ragnhild Landerud (sign)

referent

  

Knut Kjønaas (sign)                    Bjørg Undebakke (sign)

Protokollvitne                            Protokollvitne

 
Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)