Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Årsmelding, regnskap og årsmøtereferat
2. mars 2010

Årsmelding for i Numedalslaget i Oslo for 2009 finner du her sammen med årsmøtereferatet for 2010. Regnskapet finner du på slutten av artikkelen.

Årsmelding       01.01. – 31.12.2009

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

Svein Aasen har vore kontaktperson til BLS og NU.

Tillitsvalde i 2009: sjå vedlagte liste.

I meldingsåret hadde laget 42 medlemmar.

Det er 4 æresmedlemmar: Reidar Fønnebø, Svein Nørstebø, Jøran Strysse og Gunnar Ulbåsen,

og 1 livsvarig medlemskap: Valborg Dyrnes

Laget har 9 bimedlemmar (hovedmedlem i eit anna lag i NU/BLS).

Totalt har da laget 51 medlemmar

Aktivitetar:

-          I meldingsåret har det vore 2 styremøter / arbeidsmøter + årsmøte 12.02.

-          Råkåfiskfest og jubileumsfest på Røa Samfunnshus 31.01.

-          Markering av 100-årsdag for stiftelsen av Numedalslaget 26.11.

-          Ingen fellestur til Lagshytta i Lommedalen i år.

-          Ingen utsending av Lagsavisa ”Numedølen”  i år.

-          Laget har eiga heimeside på internett. Kontaktperson har vore Lars Peder Larsgård

-          Folkedansgruppa i laget har vore aktiv gjennom heile året. Sjå eiga årsmelding.

 

Råkåfiskfest  og jubileumsfest 31. januar 2009

Festen vart halden på Røa Samfunnshus

Det var 108 personar til bords, av desse var 88 fullt betalande

Attåt fisken var det både kling, mandelpotet, lauk og rømme. Til kaffen var det jubileumskake (marsipan)

Knut Kjønaas var toastmaster.

Festtalar var tidlegare ordførar i Oslo, Per Ditlef Simonsen

Følgjande personar blei heidra for stor innsats for laget:

Fortenestemerke: Nils Øyvind Bergset, Aasmund Flo, Lars Peder Larsgaard.

Æresmedlem: Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Svein Aasen

Musikken sto Traaens kvartett frå Rollag for.

Økonomi – sjå vedlagte rekneskap 2009

100-årsfeiring 26.11.2009

Dagen blei markert med middag på Sanguine Brasserie i Operaen. 17 frammøtte hadde eit godt og triveleg måltid.

Heimeside / e-post Numedalslaget i Oslo

Heimesida til Numedalslaget finn ein på /

Eller på Numedalsweben under: lag/foreninger på nett (andre) www.numedal.net/

Numedalslaget har ikkje e-post adresse lenger. 
 


Referat frå årsmøtet i Numedalslaget i Oslo 11.02.2010

Tilstades: Nils Øyvind Bergset, Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Ragnhild Landerud, Bjørg Undebakke, Svein Aasen.

1. Opning

Svein Aasen opna møtet og ønskte velkomen.

2. Konstituering

Øyvind Bergset blei valt til møteleiar. Reidun og Knut Kjønaas blei oppnemde til å skrive under protokollen. Ragnhild Landerud var referent.

3. Godkjenning av innkalling og saksliste

Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste.

4.Årsmelding 2009

Årsmelding 2009 blei lese opp av Ragnhild Landerud

Årsmelding for Folkedansgruppa blei lese opp av Nils Øyvind Bergset.

Begge årsmeldingane blei godkjende.

5.Rekneskap.

Svein Aasen (kasserar) gjekk gjennom rekneskapen for 2009, underteikna av kasserar og revisor 04.02.2010

Rekneskapen for 2009 blei godkjent.

6.Medlemspengar 2011

Styret må kunne auke medlemspengane slik at dei til kvar tid samsvarar med det vi må betale til BLS og NU, (som vedteke tidlegare år).

7.Festskrift

Jubileumskomiteen held fram arbeidet med festskriftet, og har fått informasjon om ulike bilete, tekstar m.m. Laget har framleis tilskotet på kr.10000,- til dette arbeidet ståande.

8.Innkomne framlegg

Ingen innkomne framlegg

9.Val

Årsmøtet gjekk til val på forslaga frå valkomiteen, leia av Bjørg Undebakke.

Styremedlemmane Svein Aasen (kasserar) og Alf Åmot tok attval, periode på 2 år.
Varamedlem Bjørg Undebakke tok attval, periode 1 år
Hyttestyret: Lars Peder Larsgård og Alf Åmot tok attval , periode 2 år.

Folkedansgruppa: Svein Aasen tok attval. Oddmund Vestenfor gjekk ut, og Kenneth de Gala er nytt medlem, periode 2 år

Redaksjon Numedølen:Lars Peder Larsgaard, Kjersti Aasen og Nils Øyvind Bergset tok attval, periode 2 år

Revisor: Aasmund Flo tok attval, periode 1 år.

Lotterifond: Walborg Tuft tok attval, periode 2 år

Fanevakter: Jøran Strysse og Svein Aasen tok attval, periode 2 år

Valkomite: Knut Kjønaas, Bjørg Undebakke og Kjersti Aasen tok attval, periode 1 år.

Ragnhild Landerud (sign)

referent

Knut Kjønaas (sign)                                                Reidun Kjønaas (sign)

---------------------------                                                    ------------------------------

Protokollvitne                                                                          Protokollvitne

 Regnskapet for 2009 finner du her.

Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)