Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Aktiviteten i folkedansgruppa i 2009
18. februar 2010
Folkedansgruppa i Numedalslaget har vore aktiv i heile 2009. Her finn du årsmeldinga frå Folkedansgruppa.
Folkedansgruppa har i 2009 vore leia av Nils Øyvind Bergset, og i tillegg har Svein Aasen, Kjersti Aasen og Oddmund Vestenfor vore med. Vi har ikkje hatt eigne møter, men gjer avtaler over telefon og når vi møtes på øvingane. Svein Aasen sit som medlem i folkedansnemnda i BLS.

Vi har hatt 18 ordinære øvingskveldar gjennom året, fordelt på 10 i vårsemesteret og 8 i haustsemesteret. Nils Øyvind Bergset har vore instruktør på øvingskveldane våre. Når han har hatt fravær har Kjersti Aasen vore instruktør. Vi kallar kveldane for øving/kurs, og dei er opne både for gamle travarar og nybyrjarar. Instruktøren gir rettleiing til dei som treng det den fyrste timen, og så er det fritt fram for å praktisere det ein har lært etter pausa. Vi har også ”dagens tema” denne fyrste timen. Her tek vi opp enkeltelement i dansen slik som steg, svikt, særskilde turar og diskuterer og prøvar ut. Vi startar øvingane kl. 19.00 og driv på til 21.30, med berre ei halvtimes pause.

Kenneth de Gala spelar fast på øvingane. Birgit Kollandsrud Friis, Elise Hildrum og Gunhild Haugjorden har spelt sjøfløyte på ei øving.

Totalt sett har det vore 72 frammøter på øvingane, 36 færre enn året før. Desse tala må sjåast i lys av at ei av øvingane i mai vart avlyst på grunn av mangel på spelemann. 19 ulike personar har møtt fram, 8 gutar og 11 jenter. Gjennomsnittleg oppmøte har vore 4 personar per øving. Det minste antal frammøtte på ei øving var 2, og det meste var 8.

Folkedansgruppa har vore med som teknisk arrangør på to folkedanskveldar. Desse kveldane har vi hatt minikurs i Numedalsgangar i pausa. På desse kveldane er det gamaldansgruppa Husk som spelar, og to av medlemmene der kjem frå Veggli: Ole Runar og Bjørn Inge Bekkeseth.

Fleire av dei som har vore med på øvingskveldane er aktive kappdansarar. Dette gjeld Nils Øyvind Bergset, Marit Måge, Svein Aasen, Kjersti Aasen, Birgit Kollandsrud Friis, Kenneth de Gala, Ellen Grøttheim Krokstrand, Bjørgulf Aasen, Arna Desser og Oddmund Vestenfor. Par frå Numedalslaget var med på Markenskappleik på Kongsberg, Buskerudkappleik på Bolkesjø, NM i folkemusikk på Geilo/Ål, Jørn Hilme-stemnet på Fagernes og Oslokappleiken med gode resultat.

Vi prøver å stille lag i lagdans på kappleik så ofte vi kan og då stiller vi gjerne saman med par frå Numedal Spel- og dansarlag. På Markenskappleiken vart vi nummer 2 av 3 lag. På NM i folkemusikk vart vi nummer 4 av 31 lag! På Oslokappleiken vann vi foran 4 andre lag og fekk andre napp i vandrepremien.

Oslo 5/2-2010

Nils Øyvind Bergset
Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)