Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Aktiviteten i folkedansgruppa i 2008
12. februar 2009
Folkedansgruppa i Numedalslaget har vore aktiv i heile 2008. Her finn du årsmeldinga frå Folkedansgruppa.
 
Årsmelding for Folkedansgruppa i Numedalslaget 2008

Folkedansgruppa har i 2008 vore leia av Nils Øyvind Bergset, og i tillegg har Svein Aasen, Kjersti Aasen og Birgit Kollandsrud Friis vore med. Vi har ikkje hatt eigne møter, men gjer avtaler over telefon og når vi møtes på øvingane. Svein Aasen sit som medlem i folkedansnemnda i BLS.

Vi har hatt 19 ordinære øvingskveldar gjennom året, fordelt på 11 i vårsemesteret og 8 i haustsemesteret. Nils Øyvind Bergset har vore instruktør på øvingskveldane våre. Når han har hatt fravær har Kjersti Aasen vore instruktør. Vi kallar kveldane for øving/kurs, og dei er opne både for gamle travarar og nybyrjarar. Instruktøren gir rettleiing til dei som treng det den fyrste timen, og så er det fritt fram for å praktisere det ein har lært etter pausa. Vi har også ”dagens tema” denne fyrste timen. Her tek vi opp enkeltelement i dansen slik som steg, svikt, særskilde turar og diskuterer og prøvar ut. I haust har vi jobba mykje med danseprogrammet som vi skulle vise på hundreårsjubileet til Numedalslaget. Der inngjekk springar, reinlender, stegar, masurka, gangar og tremannsdans. Vi startar øvingane kl. 19.00 og driv på til 21.30, med berre ei halvtimes drikke- og skravlepause.

Kenneth Hoskuldsen de Gala spelar fast på øvingane, og vi er sers nøgde med å ha ein spelemann med lokal tilknyting. Birgit Kollandsrud Friis har spelt sjøfløyte på fleire øvingar og ho har hatt med seg Mona Hansen på sjøfløyte ein gong.

Totalt sett har det vore 108 frammøter på øvingane, 12 færre enn året før. 22 ulike personar har møtt fram, 8 gutar og 14 jenter. 1 av dei frammøtte var under 26 år. Gjennomsnittleg oppmøte har vore 5,7 personar per øving. Det minste antal frammøtte på ei øving var 3, og det meste var 11.

Folkedansgruppa har vore med som teknisk arrangør på to folkedanskveldar. Det inneber å rydde lokalet og selgje kaffe og vaflar. I tillegg har vi hatt minikurs i Numedalsgangar eller springar i pausa. På desse kveldane er det gamaldansgruppa Husk som spelar, og to av medlemmene der kjem frå Veggli: Ole Runar og Bjørn Inge Bekkeseth.

Fleire av dei som er med på øvingskveldane er aktive kappdansarar. Par frå Numedalslaget var med på Markenskappleik på Kongsberg, Buskerudkappleik på Prestfoss, Landskappleiken på Røros, Jørn Hilme-stemnet på Fagernes og Oslokappleiken med gode resultat.

Vi prøver å stille lag i lagdans på kappleik så ofte vi kan og då stiller vi gjerne saman med par frå Numedal Spel- og dansarlag. På Markenskappleiken kom vi på ein delt tredjeplass av fire lag. Både på Buskerudkappleiken og Oslokappleiken vart laget nummer 2 av 4. På Landskappleiken vart vi nummer 16 av 29 lag.

Oslo 7/2-2009

Nils Øyvind Bergset

Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)