Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Gammalt nytt frå Oslo
14. desember 2008

Det er mange leserbrev i gamle aviser. Her er eit brev frå Oslo som sto i Buskeruds Amtstidende 31.07.1907 som gjev eit lite innsyn i kva enkelte var opptekne av i hovedstaden på den tida. Ikkje sikkert at det er ein numedøl som har ført dette i pennen, men det er ikkje det mest velformulerte leserbrev heller. 

 

Smaaplukk fraa byen

No fyrst kan ein merka at sumaren er komen. Tinget er oppløyst. – Det klagast so mykje over ”snakket”, Det kan ikke negtast. Munnen har vore jamt bruka. Men kven har meste skuldi? Svaret heng dei fleste paa tunga: Castberg, Konow, Castberg. Men eg trur ein ofte tek i mist.

- Det var just under elvelinjedebatten. Eg stak uppum og kom inn nett som ein av d’hrr. tingmenn reiste seg. Det var ein stor, tung rugg, og vistnok ikkje av opposisjonen. -Han tala um, at skulde der koma nokon og halda fram ein onnor meining enn den han heldt paa, so vilde han ”forbeholde” seg aa faa høve til aa gjeva attersvar. Men no for det fyrste vilde han ikkje gaa nereare inn paa sine meiningar. Men han hadde funne det rektigast no paa forhand aa segja fraaa, at sosandt det kom nokon , og det hadde han ein mistanke um, som ikkje var einig so vilde han faa svara. –Detta stod han og mol paa i over ein halv time. Sa det upp att, vreid paa det, variera litt og so tok heile rimsa uppatt. –

Eg tenkte med meg at det var nok fleir enn Castberg som kunde bruka munnen sin. Men saa var det som slik som Castberg hadde tankar og innhald aa leggja i ordi. Ein fær orsaka den, som har noko aa segja, at han lyt bruka ord og munn, men når ein ikkje det har so ---

No sumarstid er Bygdøy ein hugnadsam stad aa fara ut til. Folkemuseet har i aar havt store mengder utlendingar innum sine portar. Det gjev ogso eitt rett godt bilete av Norig i liten maalestokk. Alle dei ting som har vorte hauga i hop i ridehuset skulde berre kome paa sine rette plassar i stovune, so fekk ein eit heilt bilet. Kong Oscar sine samlingar er ei fager gaave som aukar museet mykje i verd. Gjentur i nationalbunad syner umkring i stovune og gjev upplysningar – til dels – paa klingande godt norsk.

Lang var ventetidi paa at National galleriet skulde bli opna. Men hastverk er lastverk, veit ein. Det var eit langt arbeid som skulde gjerast.Den nye tilbygnaden kom vel med alle dei verki som fyrr laag i kjellaren No har det vorte som for mykje og ljos fær strøyma inn og skilja millom godt og vondt. Mykje er det – serleg av det gamle – som ikkje har tolt aa koma fram i fullt ljos. Skum-myrket fyrr dekte over mange manglar. Men so har mykje nytt fenge plass som toler ljos.

Folkestad sitt ”kaalhovud” trekk alle augo til seg. Det er som det siver sterk vaarsaft gjennom aadrerne i dei friske grønsaker. Dei – som det skulde lykkjest – so fatige ting, dei lokkar i straalande fargebragt endaa han ikke har sett finare fargar enn som vi hvar dag ser deim.

Som eg gjeng vidare, vert eg var nokre tyske røyster. Det er ein turist som har fenge auge paa noko og ropar paa reisefylgje sitt. Arne Garborg segjer han, A r n e Garborg segjer han lågt med seg sjølv og let seg falle ned i sofaen.

Ja, her her har Eilif Peterssen gjort eit fullend meisterstykke So høgt over all kritik, so sjælfylld, so sant – slik overlegen velde. Ein maa putta sin kvardagslege kritikhug og sine smaalege ”men” i lumma og berre opna augo for aa ta imot.

Garborg, mannen som tuslar ikring burt paa Knuda heio, tenkja ren som utom verdi legg sitt øyre innaat.

Det er verd aa gjera ein tur inn einkom for aa sjaa dette.

- v.
 
(For dei som ikkje har høyrt om politikarenCastberg før, er han mellom anna knytta til  konsesjonslovene for vasskraftutbygging av 1909 (med reglar om heimfallsrett) og barnelover ("Lov om barn, hvis forældre ikke har indgaat egteskap med hverandre" m.fl.).(Wikipedia)
Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)