Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Referat årmøtet 15.02.2007
1. mars 2007
 

Referat frå årsmøtet i Numedalslaget i Oslo 15.02.07

Tilstades: Nils Øyvind Bergset, Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Ragnhild Landerud, Lars Peder Larsgård, Olav Mogan, Bjørg Undebakke, Svein Aasen.

Opning, konstituering

Svein Aasen opna møtet og ønskte velkomen. Nils Øyvind Bergset blei valt til møteleiar. Reidun og Knut Kjønaas blei oppnemde til å skrive under protokollen. Ragnhild Landerud var referent.

Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste.

Årsmelding

Årsmelding 2006 blei lese opp av Ragnhild Landerud

Årsmelding for Folkedansgruppa blei lese opp av Nils Øyvind Bergset.

Begge årsmeldingane blei godkjende.

 

Rekneskap

Svein Aasen (kasserar) gjekk gjennom rekneskapen for 2006, underteikna av kasserar og revisor 08.02.2007

Kommentarar:

Rakefiskfesten gjekk med overskot dette året.

Årsmøtet ber styret undersøkje kvar ein kan få høgare rente på bankinnskot.

Depositum for hyttenøklar bør spesifiserast i balansen i rekneskapen neste år.

Rekneskapen for 2006 blei godkjent.

Medlemspengar

Styret må kunne auke medlemspengane slik at dei til kvar tid samsvarar med det vi må betale til BLS og NU.

Årsmøte vedtok følgjande:

Medlemspengar 2008 kan aukast til maks. kr. 300,-   

                                                                      kr.150,- for medlemmar under 26 år

                                                                      kr.150,- for bimedlemmar

                                                                      kr. 75,- for medlemmar under 14 år

Innkomne framlegg

Det kom framlegg om at styret må starte førebuing av 100-årsjubileet (2009).

Årsmøtet vedtok at følgjande personar er med i komite for Lagshistorie :

Knut Kjønaas, Lars Peder Larsgård og Sigrid Prestmoen Talleraa. Levor Traaen og Svein Nørstebø blir bedne om å vere med.

Styret har ansvar for å arrangere jubileumsfesten.

Val

Årsmøtet gjekk til val på forslaga frå valkomiteen.

Styremedlemmane Bjørg Undebakke, Lars Peder Larsgård og Ragnhild Landerud tok attval.

Alf Åmot er nytt varamedlem. Birgit Kollandsrud Friis gjekk ut.

Lars Peder Larsgård tok attval i redaksjonen for ”Numedølen”. Sigrid Prestmoen Talleraas gjekk ut.

Kjersti Aasen er nytt medlem i valkomiteen. Olav Mogan gjekk ut.

Når det gjeld hyttestyret, folkedansgruppa, lotterifondet, hedersmerke/fortjenestemerke, fanevakter og revisor er det inga endring.

Liste over tillitsvalde 2007 er vedlagt.
 

Ragnhild Landerud (sign)

referent

 
Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)