Dette er Numedalslagets "offisielle" versjon slik den er skriven i laget sin 75-års jubileumsbok. I denne boka er rett nok versa skrivne i to delar og det er dei to versa som her er sett som vers nr. 5 og 6 som som sto for seg sjøl avdi dei ikkje er mykje i bruk og ikkje var med i 50-års jubileumsboka. Desse to versa var komen frå Håkon Lid.
12.februar 2005 var Numedalssongen trykt i ein artikkel på Numedalsnett, men den var ikkje heilt lik "vår" versjon. Den største skildnaden var vers nr. 5 og 6, men eg trur at versa var komen i riktig rekkefølge.
I "vår" versjon står det i 1. linje i 5. vers "Sjå dalværingen reiker so vidt i bygd og by.", medan det 12. feb. sto "Sjå numedølen reiker so vidt i bygd og by". Dette blir litt rart når Flesberg- bonden blir omtala i same verset, og det høyrest ut som Flesberg-bonden ikkje er numedøl! Det kan vere at den som har skrive dette ikkje har følt seg heilt trygg på kva ein dalværing er, men det kan eg forklare ein annan gong. Om det er "kol og laktarved" eller "kål og lekterved" Flesberg-bonden kavar med, veit eg mindre om.
I "vår" versjon står det i 2. linje i 6. vers "frå Hallingdal og Valdres, frå Tuddal og frå Tinn," medan det 12. feb. sto "Frå Telemark og Valdres, frå Hallingdal og Land". Det spelar kan hende liten rolle kor folk, som ikkje er numedøler på marknaden på Kongsberg, høyrer heime, men likevel – kva skreiv Tov Flatin eigentleg? Eller er det ikkje han som står bak desse to versa?
Meir skal eg ikkje sitere frå linjer og vers i fare for at det skal kome eit religiøst preg over det heile. Det synest likevel som om "vår" versjon har eit meir gammalmodig språk enn versjonen frå 12. febr. Det er fleire ord som ikkje høyrest særleg velklingande ut i versjonen frå 12. febr. sjøl om det sikkert kan vere eit og anna å pirke på også i "vår" versjon.
Men det må vel vere mogeleg å finne ut kva Tov Flatin egenhendig sette ned på papiret når han skreiv Numedalssongen. Veit nokon noko meir detaljert om dette? Når blei songen skriven ned og når blei den nytta fyrste gong som den meir offisielle Numedalssongen?
Lars Peder Larsgård
|