Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 175

Over 26 år: kr 350
 
Bi-medl: kr 175
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Referat årsmøtet 4. mars 2019
8. mars 2019

Referat fra årsmøtet i Numedalslaget i Oslo finner du her. Regnskapet for 2018 ligger her.

Referat frå årsmøtet i Numedalslaget i Oslo 04.03.2019

 

Tilstades: Nils Øyvind Bergset, Bjørg Undebakke, Kjersti Aasen, Svein Aasen, Levor Traaen, Ragnhild Landerud

 

1. Opning

Nils Øyvind Bergset opna møtet og ønskte velkomen.

 

2. Konstituering

Møteleiar: Nils Øyvind Bergset                                                                                         

Referent: Ragnhild Landerud                                                                                                                
Skrive under protokoll: Kjersti Aasen og Svein Aasen

 

3. Godkjenning av innkalling og saksliste

Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste.

 

4.Årsmelding 2018

Årsmelding 2018, som også omfatter Folkedansgruppa blei lese opp av Nils Øyvind Bergset.                                

Årsmeldinga blei godkjend.

 

5.Rekneskap.

Svein Aasen (kasserar) gjekk gjennom rekneskapen for 2018, underteikna av kasserar og revisor  27.02.2019. Rekneskapen for 2018 blei godkjend.                                                                                                                                          

6.Medlemspengar 2020

Inga endring (vaksne: kr.350,-, barn/vaksne 14-25 år: kr.150,-, barn under 14 år: kr.50,-, bimedlemmar (hovudmedlem i eit anna NU-lag): kr.175,-)                                                                                                                                                 

 

7.Vedtektsendringar

Styret foreslo i innkallinga å stryke §7, punkt 1 i vedtektene som omhandlar Lotterifondet. Bakgrunnen for forslaget var at det ikkje er behov for å skilje ut lotterifondet frå den ordinære verksemda i laget. I praksis har fondet vorte forvalta av styret dei siste åra sjølv om ein har eit eige styre for fondet. Styrets forslag til vedtak:

"§7 punkt 1 i vedtektene blir strokne. Dei andre punkta i sama paragraf får etter dette nye nummer. Ny §7 blir etter dette:

§7    Trygging av eiga

1.   Ungdomshus, anna fast lagseige og luter i fast eigedom kan ikkje avhendast utan samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag.

2.   Det skal ikkje gjerast bruksendringar og ombygging av ungdomshus og anna fast lagseige som fører til at den kulturhistoriske verdien blir øydelagd. Det offentlege regelverket innafor kulturvern skal følgjast.

3.   Blir laget lagt ned, skal Noregs Ungdomslag ta vare på eiga til laget i minst 7 år. Om laget er eigar av fast eigedom, skal det samarbeidast aktivt med lokale kulturstyresmakter for at eigedomen skal bli nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden. Dersom andre i ein periode overtek drifta av ein eigedom, skal det takast verditakst på eigedommen ved overtakinga.

4.   Dersom det, innan 7 år etter det siste årsmøtet i laget, vert skipa eit nytt lag på staden som fyller krava til medlemskap i Noregs Ungdomslag, skal eiga overførast til det nye laget. Det nye laget må dekkje eventuell verdiauke på grunn av påkostnader og utbygging i den perioden andre har drive eigedommen etter takst.

5.   Utgiftene til styring av eiga skal dekkjast av eiga. Fylkeslag eller landslag er såleis ikkje økonomisk ansvarleg for styringa. Dersom ungdomshus og anna fast lagseige fører med seg utgifter som ikkje kan eller bør dekkjast av eiga, kan styret i Noregs Ungdomslag godkjenne avhending av slik eige, sjølv om ivaretakingstida på 7 år ikkje er ute.

6.   Dersom det ikkje er skipa nytt lag på staden innan tryggingsperioden er ute, skal Noregs Ungdomslag samarbeide aktivt med lokale kulturstyresmakter for at eiga skal bli nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden."

 

Forslaget blei handsama etter reglane om vedtektsendringar og blei einstemmig vedtatt.

 

8.Innkomne framlegg.

Ingen innkomne framlegg

 

9.Val

Årsmøtet gjekk til val på forslaga frå valkomiteen v/Bjørg Undebakke.

Alle som var på val tok attval.

Varamedlem, revisor og valkomite blir valt for 1 år, dei andre for 2 år

 

Tillitsvalde 2019:

Kasserar:  Svein Aasen                                                                                                                                         

Styremedlemmar: Nils Øyvind Bergset (attvald), Ragnhild Landerud (attvald), Bjørg Undebakke (attvald), Kjersti Aasen                                                                                                                                                                                                                      

Varamedlem:  Tormod  Haug (attvald)

 

Hyttestyret:  Tormod Haug (attvald), Sigrid P Talleraas, Levor Traaen (attvald), Walborg Tuft (attvald)

  

Revisor: Aasmund Flo  (attvald)

 

Hedersmerke/Fortenestemerke: Levor Traaen (attvald), Svein Aasen (attvald)

 

Valkomite:  Bjørg Undebakke, Kjersti Aasen og Ragnhild Landerud  (alle attvald)

 

Det blei bestemt at Kjersti Aasen og Svein Aasen er utsendingar til årsmøtet i BLS  2019.                  

Nils Øyvind Bergset er vara.

Svein Aasen deltek på landsmøtet i NU 2019 dersom BLS gir økonomisk støtte.

 

Styret takkar alle som er med på arbeid og aktivitetar i laget  kvart år.

 

06.03.2019

 

 

 

Ragnhild Landerud

Svein Aasen

Kjersti Aasen

Referent

Protokollvitne

Protokollvitne

 

Nyheter
Råkåfiskfesten

2019
 
Røa samfunnshus

Laurdag 26. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)