Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 175

Over 26 år: kr 350
 
Bi-medl: kr 175
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Ã…rsmelding for 2018
5. mars 2019

Årsmelding for i Numedalslaget i Oslo for 2018 finner du her. 

Årsmelding for Numedalslaget i Oslo 2018

 

Styret

Styret sidan årsmøtet i 2018:

Kasserar: Svein Aasen

Styremedlemmer: Ragnhild Landerud, Nils Øyvind Bergset, Kjersti Aasen og Bjørg Undebakke

Varamedlem: Tormod Haug

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

Svein Aasen var kontaktperson til BLS og NU. Han er og medlem i Folkedansnemnda i BLS. Svein Aasen og Kjersti Aasen deltok på leiarmøter og årsmøte i BLS. Svein Aasen deltok på landsmøte til NU i april 2018.

Laget har hatt eit hyttestyre, ei nemnd for hedersmerke/fortjenestemerke og eit styre i Lotterifondet.

I meldingsåret hadde laget 22 medlemmar. Av desse er 3 bimedlemmar (hovudmedlem i eit anna lag i NU/BLS). Laget har 5 æresmedlemmar: Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Jøran Strysse, Levor Traaen og Svein Aasen. Laget har 1 livsvarig medlemskap: Valborg Dyrnes. Æresmedlem Gunnar Ulbåsen gjekk bort i 2018.

I meldingsåret har styret hatt 2 styremøter og elles hatt kontakt via e-post.

Årsmøtet var 5. mars og 4 medlemmer møtte opp.

Laget nyttar heimesidene på nettet til å informere om aktiviteten og reklamere for arrangement. Folkedansaktiviteten har også ei eiga sida på Facebook. Lagsavisa ”Numedølen” kom ut med eitt nummer (desember).

Råkåfiskfest 27. januar

Festen vart halden på Røa Samfunnshus.

Det var 55 personar til bords, av desse var 41 fullt betalande.

Attåt fisken var det som vanleg både kling, mandelpotet, lauk og rømme. Festen blei leia av Lars Peder Larsgård. Even Tråen frå Rollag snakka om ljåsmiing. Musikken stod Solvår og Terje for. 

Lagshytta

Hyttestyret for 2018 var: Sigrid Prestmoen Talleraas, Walborg Tuft, Tormod Haug og Levor J. Traaen, sistnevnte har fungert som formann.

Hytta til Numedalslaget har eiga adresse: Trulsebråten 52. Uthuset har fått nr. 52 A og Numedalshytta nr. 52 B. Gårds og bruksnr. er: 114/38.

I løpet av 3 laurdagar på sommaren har følgjande blitt gjort:

-         -  Kosta og feia taket på hytta og uthuset.

-          - Feia og beisa terrassen med 9 liter Trebitt terrassebeis, farge naturgrå fra Jotun

 

Dei som var med på dugnaden var Kjersti, Levor, Dagny, Lars Peder og Svein.

Folkedansaktiviteten

Det var 19 ordinære øvingskveldar gjennom året, fordelt på 11 i vårsemesteret og 8 i haustsemesteret. Nils Øyvind Bergset var instruktør på øvingskveldane våre. Når han var borte var Kjersti Aasen instruktør. Kenneth de Gala spelar fast på øvingane. Når Kenneth har vore borte, brukar vi boksmusikk frå telefonen og nokre gonger har også Nils Øyvind Bergset spelt einrader.

Totalt sett var det 95 frammøter på øvingane, 16 færre enn året før. I tillegg kjem spelemann og instruktør. Totalt har 16 ulike personar møtt fram. Av desse var det 5 gutar og 11 jenter. Gjennomsnittleg oppmøte var 5,0 personar per øving. Det minste tal frammøtte på ei øving var 3, og det meste var 8.

Folkedansgruppa er med og arrangerar Folkedanskveld to gonger i året. Då steiker vi vaflar og kokar kaffi i Nordahls Brunsgate 22 for eit dansande publikum. Vi tar og nokre gangar- og springarsteg i eit mikrokurs i pausa.

Folkedansgruppa har arrangert minikurs i folketango 3 søndagskvelder i vårhalvåret (4. mars, 8. april og 22. april) og minikurs i gådans søndag 14. oktober. Torunn og Arne Johansen var instruktørar alle kveldane og oppmøtet var bra ca. 30 stk. kvar kveld.

Fleire av dei som var med på øvingskveldane er aktive kappdansarar. Dette gjeld Nils Øyvind Bergset, Marit Måge, Svein Aasen, Kjersti Aasen og Arna Desser. Par frå Numedalslaget var med på Markenskappleik på Kongsberg, Landskappleik i Trysil, Hilmestemne på Fagernes, Landsfestival i Skjåk og Oslokappleiken.

Vi prøver å stille lag i lagdans på kappleik så ofte vi kan og då stiller vi gjerne saman med par frå Numedal Spel- og dansarlag. På Landskappleiken i Trysil vart vi nummer 10 av 32 lag.

Dansarar frå laget var med på framsyningar på Råkåfiskfesten i januar og på folkemusikkmesse i Rollag stavkyrkje.

Nyheter
Råkåfiskfesten

2019
 
Røa samfunnshus

Laurdag 26. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)