Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 175

Over 26 år: kr 350
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Råkåfiskfest og jubileum 2019
30. januar 2019
Råkåfiskfesten blei arrangert på Røa samfunnshus laurdag 26. januar 2019. Laget markerte der at det er 110 år i år og at dette truleg var den 100. råkåfiskfesten i regi av Numedalslaget i Oslo.
Fisken var som vanleg fiska i Bjornesfjorden og blei levert av Ola Løvstuen i Uvdal. Lefsene fra Veggli hadde Ragnhild Mogan og dottera Berit Mogan Lindheim ansvaret for.

-       Kjøgemeister Nils Øyvind Bergset minna medlemmer som hadde gått bort sidan i fjor. Medlemmene Audun Øpstad og Turid Brugård og mangeårig musikar på festen, Kjell Løver, gjekk bort i 2018. Også æresmedlemet Gunnar Ulbaasen gjekk bort. Han var kasserar i laget i tre periodar (1958-59, 1964-65, 1990-98), formann i 1960-63 og styremedlem i 1974-1977. Han vart utnemd til æresmedlem i 1999.

Numedalslaget vart stifta 26. november 1909 og den gong heit det "Numedølen". Opp gjennom historia har laget mellom anna arrangert festar, lagsmøter, foredrag og skirenn. Numedølen er lagsavisa, og i starten blei den ikkje trykt, men blei lest opp på lagsmøtene. Laget har alltid dreve med dans og musikk. Det har hatt eige skyttarlag og eig ei hytte i Lommedalen.

-      Råkåfiskfesten har tradisjon tilbake til stiftinga av Den nasjonale forening i 1894. Fotograf Narve Skarpmoen frå Rollag var sentral i denne foreninga. Dei arrangerte fest i julehelga med råkåfisk, lefse, øl og dram. Denne foreninga blei oppløst i 1906.

Første råkåfiskfest i regi av Numedølen var 25. januar 1912. Det var ingen aktivitet i laget i 1914 til 1918. Det blei arrangert råkåfiskfestar til og med 1941, og dei starta opp att i 1946. Såleis var årets fest den hundrede i regi av laget.   
 
Vi viser her nokre glimt frå festen. Alle foto ved Svein Aasen.
 
 
Flott fisk frå Bjornesfjorden. 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Komiteen er i gang med å rense fisk.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Matserveringa er i gang. Som vanleg er det sukker i lefsene på fata med serviett og ikkje sukker i lefsene på fata utan serviett. 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Gunhild Torsrud frå Numedal Mållag fortalde om deira arbeid med å samle dialektord frå Numedal. Arbeidet kan du sjå her. Ho oppfordra folk til sjølve å sende inn ord som manglar i databasen.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kjøgemeister Nils Øyvind Bergset takkar her Berit Mogan Lindheim på vegne av mor hennar, Ragnhild Mogan, som hadde bakt lefsene og Olav Julius Deinboll som har kjørt fisk og lefser inn til byen. 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Solvor og Terje spelte til dans. 
 
 
Nyheter
Råkåfiskfesten

2019
 
Røa samfunnshus

Laurdag 26. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)