Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Ã…rsmelding for 2016
12. mars 2017

Årsmelding for i Numedalslaget i Oslo for 2016 finner du her. Rekneskapet kan du laste ned her.

Årsmelding for Numedalslaget i Oslo 2016

Styret

Styret sidan årsmøtet i 2016:

Kasserar: Svein Aasen

Styremedlemmer: Ragnhild Landerud, Nils Øyvind Bergset, Kjersti Aasen og Kenneth de Gala

Varamedlem: Bjørg Undebakke

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

 

Svein Aasen var kontaktperson til BLS og NU. Han er og medlem i Folkedansnemnda i BLS. Svein Aasen og Kjersti Aasen deltok på leiarmøter i BLS. Nils Øyvind Bergset og Svein Aasen deltok på årsmøtet i BLS.

Laget har hatt eit hyttestyre, ei nemnd for hedersmerke/fortjenestemerke og eit styre i Lotterifondet.

I meldingsåret hadde laget 27 medlemmar. Av desse er 3 bimedlemmar (hovudmedlem i eit anna lag i NU/BLS). Laget har 6 æresmedlemmar: Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Jøran Strysse, Levor Traaen, Gunnar Ulbåsen og Svein Aasen. Laget har 1 livsvarig medlemskap: Valborg Dyrnes.

I meldingsåret var det 2 styremøter. Styret har dessutan halde kontakt via e-post.

Årsmøtet var 7. mars og 5 medlemmer møtte opp.

Laget nyttar heimesidene på nettet til å informere om aktiviteten og reklamere for arrangement. Folkedansaktiviteten har også ei eiga sida på Facebook. Lagsavisa ”Numedølen” kom ut med eitt nummer (desember).

Råkåfiskfest 30. januar

Festen vart halden på Røa Samfunnshus.

Det var 61 personar til bords, av desse var 44 fullt betalande.

Attåt fisken var det som vanleg både kling, mandelpotet, lauk og rømme. Festen blei leia av Lars Peder Larsgaard. Even Tråen snakka om det Numedalske paradoks. Musikken stod VÅKK for (Vidar, Åsmund, Kjell og Kjell).

Lagshytta

Hyttestyret for 2016 var: Sigrid Prestmoen Talleraas, Walborg Tuft, Tormod Haug og Levor J. Traaen, sistnevnte har fungert som formann.

Det vises til fyldig årsberetningen for 2015 over tiltak som bør gjøres 2016.

Det ble oppfordret til å avsette en dag til hyttetur/ dugnad på hytta, primært på forsommeren, eller på høstparten, men heller ikke dette lot seg gjennomføre.

Hva som ble utført i 2016:

Vedrørende inntegning av hyttas eiendomsgrenser gnr. 114/38 på Bærum kommunes matrikkelkart, har nå kommunen gjort og uten kostnader for laget.  Det bemerkes at Numedalslagets 2 nabohytter med felles grenser, var fra før inntegnet på matrikkel kartet, de hadde heller ikke koordinatmålte grensepunkter.  Hvis det senere bli krav om det må kostnadene fordeles på de andre berørte parter.  Det bemerkes at det er hyttas tinglyste skylddelingsberetning datert 17.10.1942 som fortsatt gjelder.

Hva som bør gjøres i 2017:

Håper i løpet av sommeren at vi igjen kan få til en felles hytte-/dugnadstur på hytta

Som nevnt i årsberetningen for 2015 er det behov for dugnad med å få rydde rundt hytta og stien fra veien fram til hytta. Likeledes bør hytta og plattingen få ett eller to strøk med beis.

Folkedansaktiviteten

Det var 18 ordinære øvingskveldar gjennom året, fordelt på 10 i vårsemesteret og 8 i haustsemesteret. Nils Øyvind Bergset var instruktør på øvingskveldane våre. Når han var borte var Kjersti Aasen instruktør. Kenneth de Gala spelar fast på øvingane. Tor Inge Bue spelte på ei øving og Johanne Flottorp på tre øvingar.

Totalt sett var det 95 frammøter på øvingane, 3 mindre enn året før. I tillegg kjem spelemann og instruktør. 17 ulike møtte fram. Av desse var det 5 gutar og 12 jenter. Gjennomsnittleg oppmøte var 5,28 personar per øving. Det minste tal frammøtte på ei øving var 4, og det meste var 8.

Folkedansgruppa er med og arrangerar Folkedanskveld to gonger i året. Då steiker vi vaflar og kokar kaffi i Nordahls Brunsgate 22 for eit dansande publikum. Vi tar og nokre gangar- og springarsteg i eit mikrokurs i pausa.

Fleire av dei som var med på øvingskveldane er aktive kappdansarar. Dette gjeld Nils Øyvind Bergset, Marit Måge, Svein Aasen, Kjersti Aasen, Arna Desser, Svein Are Vatnehol og Rita Sirirud Strandbakke. Par frå Numedalslaget var med på Markenskappleik på Kongsberg, Landskappleik på Vågå, Landsfestival i Gaupne og Oslokappleik.

Vi prøver å stille lag i lagdans på kappleik så ofte vi kan og då stiller vi gjerne saman med par frå Numedal Spel- og dansarlag. På Landskappleiken vart vi upremiert sidan det var ei forsøksordning kor berre den beste tredjedelen vart rangert. På Hilmestemnet blei vi nummer 4 av 6 lag.

Dansarar frå laget var med på framsyningar på Råkåfiskfesten i januar og på folkemusikkmesse i Rollag stavkyrkje.

I september var også heile BLS-fellesskapet med å arrangerte Kulturnatt i Oslo. Det var mellom anna bygdedansfest og kursing av dei som kom innom på eit arrangement som fylde Nordahl Brunsgate til langt på natt.

Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)