Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Vellykka Råkåfiskfest
17. februar 2017
Råkåfiskfesten blei arrangert på Røa samfunnshus laurdag 28. januar 2017. Det blei ein vellykka kveld med god mat, ein engasjert foredragshaldar, tid til å skravle og god dansemusikk. På biletet ser du ein engasjert foredragshaldar Øystein Morten.
Vi viser her nokre glimt frå festen. Alle foto ved Svein Aasen.
 
 
 
Komiteen er i gang med å rense fisk. 
 
 
 
Fisken blir fint dandert på fat.
 
 
 
 Nils Øyvind Bergset leia festen.
 
 
 
Matserveringa er i gang. Som vanleg er det sukker i lefsene på fata med serviett og ikkje sukker i lefsene på fata utan serviett. 
 
 
 
Fornøgde gjester. 
 
 
 
Øystein Morten frå Veggli heldt eit engasjerande foredrag om jakta på Olav den Heilage. Han fortalde om korleis han arbeidde med å finne leggbeinet til helgenkongen og kva slags analysar dei har gjort på beinet.
 
 
 
Jon Låte fra Bygdelagskoret Blåne bidrog med eit dikt under middagen. 
 
 
 
Lars Peder Larsgård takka for maten og snakke mellom anna litt om kor lenge det har vore arrangert Råkåfiskfest både før og etter at Numedalslaget blei stifta i 1909.
 
 
 
Solvår og Terje var eit nytt bekjentskap som dansemusikarer. Dei spelte variert dansemusikk og hadde til og med lært seg Numedalssongen.
 
 
 
Mange såg sitt snitt til å få svingt seg i løpet av kvelden. 
Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)