Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Kulturnatt med bygdedansfest fredag 16. september
17. august 2016

Fredag 16. september er det over 300 ulike arrangement i Oslo, ein kjempe­moglegheit til å bli kjend med kulturlivet i Oslo, og det heilt gratis. Oslo kulturnatt koordinerast av Kulturetaten i Oslo kommune. Det blir konsertar, kino, teater, dans, guida turar, omvising i bygg som elles ikkje er opne for publikum, båtturar og mykje meir.  Dei fleste aktivitetane går fere seg i  sentrum av byen, og Numedalslaget og BLS håpar at mange vil stikke innom Nordahl Bruns gate 22 for å sjå korleis me har det. Lære oss å kjenne og kanskje koma att ved ei seinare anledning. Og i tillegg så skal me i laga ha det moro sjølve!

Det blir dans i tre salar heile kvelden, gratis inngang for alle!

Dette blir eit kjempehøve til å danse og å høyre god musikk!

Me vil at alle som kjem innom denne kvelden, anten du ferdast i Nordahl Brunsgate  til vanleg eller er totalt ukjend med folkemusikk og –dans, skal få oppleva folkeleg kultur. Barnelaget startar kl. 17-19, og deretter blir det dans i Storsalen med to orkester utover kvelden og natta. Samstundes blir det dans og musikk i dei to andre salane. I ein av dei vil det vera bygdedans heile kvelden, mellom skal Kenneth de Gala spele Numedals- og Teleslåttar.

 
Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)