Tilstades: Nils Øyvind Bergset, Ragnhild Landerud, Bjørg
Undebakke, Kjersti Aasen, Svein Aasen. 1. Opning Svein Aasen opna møtet og ønskte velkomen. 2. Konstituering Nils Øyvind Bergset blei valt til møteleiar, Ragnhild Landerud til referent, Kjersti Aasen og Svein Aasen til å skrive under protokollen. 3. Godkjenning av innkalling og saksliste Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste. 4.Årsmelding 2014 Årsmelding 2014 blei lese opp av Ragnhild Landerud. Årsmelding for Folkedansgruppa blei lese opp av Nils Øyvind Bergset. Begge årsmeldingane blei godkjende. 5.Rekneskap. Svein Aasen (kasserar) gjekk gjennom rekneskapen for 2014, underteikna av kasserar og revisor 23.02.2015 Rekneskapen for 2014 blei godkjend. Kommentar: utgiftene til porto og administrasjon kan reduseras ved å bruke e-post til medlemmar som har e-postadresse. 6.Medlemspengar 2016 Styret må kunne auke medlemspengane slik at dei til kvar tid samsvarar med det vi må betale til BLS og NU, (som vedteke tidlegare år). Den delen Numedalslaget får, blei endra i 2012. 7.Innkomne framlegg. Ingen innkomne framlegg 8.Val Årsmøtet gjekk til val på forslaga frå valgkomiteen, leia av Bjørg Undebakke. Styremedlemmar: Nils Øyvind Bergset og Ragnhild Landerud tok attval, periode 2 år. Kenneth de Gala (ny), periode 2 år. Varamedlem Bjørg Undebakke tok attval, periode 1 år. Hyttestyret: Levor Traaen og Valborg Tuft tok attval, periode 2 år. Tormod Haug (ny), periode 2 år. Folkedansgruppa: Gruppa blir lagt ned og lagt inn under styret. Numedølen: Redaksjonen blir lagt ned og lagt inn under styret. Lotterifond: Nils Øyvind Bergset og Knut Kjønaas tok attval, periode 2år. Revisor: Aasmund Flo tok attval, periode 1 år. Hedersmerke/Fortjenestemerke: Levor Traaen tok attval, periode 2 år. Svein Aasen (ny), periode 2 år. Valkomite: Bjørg Undebakke, Kjersti Aasen og Ragnhild Landerud tok attval, periode 1år. Det blei bestemt at Kjersti Aasen og Svein Aasen er utsendingar til årsmøtet i BLS 23.03.2015 Dei andre styremedlemmane er varamenn. Styret har fullmakt til å velje utsendingar til årsmøtet i NU. 12.03.2015 Ragnhild Landerud (sign) referent Kjersti Aasen (sign) Svein Aasen (sign) --------------------------- Protokollvitne |