Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Lagets lover
28. februar 2014

Lov for Numedalslaget i Oslo

Vedteken på årsmøtet 26. februar 2014

 

§1    Føremål

1.   Numedalslaget i Oslo er eit frilyndt lag som ønskjer å skape engasjement og levande lokalmiljø. Laget har som formål å samle numedøler i Oslo til selskapeleg samvær, halde ved like gamle tradisjonar og styrke sambandet med Numedal.

2.   Laget er medlem i Bygdelagssamskipnaden og godkjenner lovene og føresegnene til Noregs Ungdomslag. Arbeidet skal drivast i samsvar med føremålet og prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag.

3.   Laget skal legge vekt på samarbeid med andre ungdomslag, fylkeslaget og Noregs Ungdomslag for å styrkje felles kulturelle og økonomiske føremål.

 

§2    Medlemskap og årskontingent

1.   Alle som godkjenner føremålet til Numedalslaget i Oslo kan bli medlemmer i laget og i Noregs Ungdomslag.

2.   Medlemmer melder seg inn i laget ved å betale ein årskontingent etter satsar fastsett av årsmøtet i laget, fylkeslaget og landsmøtet i Noregs Ungdomslag.

3.   Alle medlemmer over 14 år som har betalt årskontingent, og som har vore medlemmer i laget i minst ein månad, har røysterett i laget.

4.   Styret i laget har ansvar for medlemsverving.

 

§3    Årsrapportering

1.   Arbeidet i laget bør fylgje kalenderåret.

2.   Laget leverer årsrapport med kontrollerte medlemslister til Noregs Ungdomslag kvart år innan 1. mars.

3.   Laget melder inn nyvalde tillitsfolk til Noregs Ungdomslag kvart år så snart årsmøtet i lokallaget er halde.

 

§4    Årsmøtet

1.   Innkalling
Styret i laget kallar inn til årsmøte kvart år. Årsmøtet skal vere halde innan 15. mars og må vere kunngjort på vanleg måte minst 14 dagar i framkant. Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, lovleg innkalla medlemsmøte, styret i laget eller 1/3 av medlemmene krev det.

2.   Saker
Årsmøtet skal handsame årsmelding, revidert rekneskap, arbeidsprogram, budsjett, kontingent og andre saker som styret legg fram for det. Medlemmer og nemnder kan kome med framlegg om saker til årsmøtet. Sakene med grunngjeving må vere melde skriftleg til styret i laget seinast 1 månad før årsmøtet. Årsmøtet kan ikkje gjere vedtak i saker som ikkje er oppsett på lovleg utsendt innkalling.

3.   Gjennomføring
a. Årsmøtet konstituerer seg med godkjenning av innkalling og sakliste, val av ordstyrar, referent og 2 medlemmer til å skrive under møteboka.
b. Årsmøtet vel leiar, 4 styremedlemmer og 3 varamedlemmer, revisor, valnemnd på 3 medlemmer og arbeidsnemnder og tillitsfolk som til ei kvar tid er nødvendige. Leiaren blir vald særskilt for eit år om gongen. Styremedlemmene blir valde for 2 år om gongen, slik at 2 står på val kvart år. Første gongen det blir halde styreval etter denne regelen, eller når det er tvilsmål om kven som står på val, blir det avgjort ved loddtrekning kven som skal vere i styret 2 år framover. Varamedlemmene, revisor og valnemnd blir valde for eit år om gongen. Nemndsmedlemmer blir valde for 2 år og slik at ikkje alle står på val samstundes.
c. Utsendingar til årsmøtet i fylkeslaget og landsmøtet i Noregs Ungdomslag skal veljast på årsmøtet i laget eller på eit medlemsmøte. Årsmøtet i laget kan gje styret fullmakt til å velja utsendingar.
d. For drøftingane, val og avrøystingar gjeld dei same reglane som for landsmøtet i Noregs Ungdomslag.

 

§5    Styret

1.   Styret vel seg i mellom nestleiar, sekretær og kasserar.

2.   Styret har ansvar for lagseiga og den daglege drifta av laget. Styret har overordna ansvar for arbeidet i nemnder og særgreiner.

3.   Styret skal sørgje for at årsmøtet får framlagt årsmelding og revidert rekneskap. Dessutan skal det legge fram arbeidsprogram og budsjett for det nye arbeidsåret.

4.   Styret rår over lagseiga og skal drive laget på ein økonomisk forsvarleg måte i samsvar med arbeidsprogram og budsjett.

5.   Løyvingar/vedtak om investeringar over kr 50.000 og opptak av lån med pant i laget sin eigedom, skal godkjennast av årsmøtet med minst 2/3 fleirtal.

6.   Styret er vedtaksført når minst havparten av medlemmene er til stades og røystar.

7.   Styret skal føre vedtaksprotokoll for styremøte, medlemsmøte og årsmøte. Protokollen frå årsmøtet skal underskrivast av dei to som blir valde av årsmøtet til dette.

 

§6    Utmeldingar, skifte av føremål og nedleggingar.

1.    Dersom laget ynskjer å melde seg ut av Noregs Ungdomslag, må dette vedtakast på 2 vanlege påfølgjande årsmøte, med minst eitt års mellomrom og med minst 2/3 fleirtal. Dersom eit mindretal på minst 5 medlemmer over 14 år vil halde fram med det gamle lagsnamnet og etter det gamle føremålet, tek dette mindretalet over namnet og eiga til laget. Det kan gjerast unntak for eige laget hadde ved innmelding. Slike unntak må gå fram av lover godkjende av Noregs Ungdomslag.

2.    Dersom det har gått 1 år ut over den fastsette årsmøteperioden, utan at styret har kalla inn til årsmøte i laget, skal fylkeslaget sørgje for at det blir innkalla til årsmøte.

3.    Dersom laget 2 år etter kvarandre ikkje har sendt årsrapport etter §3.2, skal laget kontaktast av Noregs Ungdomslag, der nedlegging eller naudsynte tiltak for reaktivisering skal vurderast.

4.    Dersom laget 3 år etter kvarandre ikkje har sendt årsrapport etter §3.2, skal laget reknast som nedlagd. Dersom laget i 3 år etter kvarandre ikkje fyller krava til lagsdefinisjonen i Noregs Ungdomslag sine lover, skal det like eins reknast som nedlagd.

 

§7    Trygging av eiga

1.   Numedalslaget har eit eige lotterifond med eigne vedtekter.

2.   Ungdomshus, anna fast lagseige og luter i fast eigedom kan ikkje avhendast utan samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag.

3.   Det skal ikkje gjerast bruksendringar og ombygging av ungdomshus og anna fast lagseige som fører til at den kulturhistoriske verdien blir øydelagd. Det offentlege regelverket innafor kulturvern skal følgjast.

4.   Blir laget lagt ned, skal Noregs Ungdomslag ta vare på eiga til laget i minst 7 år. Om laget er eigar av fast eigedom, skal det samarbeidast aktivt med lokale kulturstyresmakter for at eigedomen skal bli nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden. Dersom andre i ein periode overtek drifta av ein eigedom, skal det takast verditakst på eigedommen ved overtakinga.

5.   Dersom det, innan 7 år etter det siste årsmøtet i laget, vert skipa eit nytt lag på staden som fyller krava til medlemskap i Noregs Ungdomslag, skal eiga overførast til det nye laget. Det nye laget må dekkje eventuell verdiauke på grunn av påkostnader og utbygging i den perioden andre har drive eigedommen etter takst.

6.   Utgiftene til styring av eiga skal dekkjast av eiga. Fylkeslag eller landslag er såleis ikkje økonomisk ansvarleg for styringa. Dersom ungdomshus og anna fast lagseige fører med seg utgifter som ikkje kan eller bør dekkjast av eiga, kan styret i Noregs Ungdomslag godkjenne avhending av slik eige, sjølv om ivaretakingstida på 7 år ikkje er ute.

7.   Dersom det ikkje er skipa nytt lag på staden innan tryggingsperioden er ute, skal Noregs Ungdomslag samarbeide aktivt med lokale kulturstyresmakter for at eiga skal bli nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden

 

§8 Lagsbruksavgift

Dersom laget eig, driv eller har partar eller luter i forretningstiltak som ikkje kjem inn under lagsrekneskapen, betalar laget kvart år eit tilskot, lagsbruksavgift, til Noregs Ungdomslag. Avgifta er 1 promille av omsetnaden.

 

§9    Ymse

Lov og føresegner for Noregs Ungdomslag som omhandlar tilhøve i ungdomslaga eller organisasjonen allment, gjeld for Numedalslaget i Oslo.

 

§10  Lovendring

1.  Framlegg til lovendring skal vere kunngjort minst 14 dagar før årsmøtet. Årsmøtet kan då vedta endring med 2/3 fleirtal.

2. Endringar av lovene må godkjennast av Bygdelagssamskipnaden.
 
Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)