Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Vellykka dansedykk på Riksscenen
2. april 2014
Laurdag 29. mars var det numedølenes sin tur til å dominere folkemusikkens storstove i Oslo, Riksscenen. Ein svært vellykka dag blei det, med kurs på dagtid, arkivdykk i kveldinga og dansefest om kvelden. Frå Numedal kom det buss med 35 deltakarar. Her ser du Synne Frogner som var spelkvinne både på dagen og kvelden.

 

Her ser du nokre bilder frå det vellykka dansedykket. Alle foto ved Svein Aasen. Numedal har mange og lange tradisjonar i dans og musikk. På dette dansedykket var det fokus på den gamle springaren og på nokre spesielle variantar av masurka og reinlender. 
 
 

På dagen var det dansekurs. Her blir kursleiarar og spelemenn takka av leiaren i Numedal Spel- og Dansarlag Åshild Wetterhus.  

Kursleiarar var Liv Bergset, Bjørnar Blaavarp Heimdal, Sigbjørn Rua og Nils Øyvind Bergset. Dansespelet stod Synne Frogner, Kenneth de Gala og Håvard Kjøntvedt for. 
 
I kveldinga var det arkivdykk. Nils Øyvind Bergset og Jan Lislien viste filmar og spelte musikk. Ein kan følgje utviklinga av springaren fra Numedal på film frå 1926.
  
 
Etter arkivdykket vart Jan Lislien utnemnd til heidersmedlem i Numedal Spel- og Dansarlag. Han har i over 40 vore ei drivande kraft i laget og jobba mykje med mellom anna dansen. Også regionalt og nasjonalt har han gjort ein stor innsats gjennom å starte opp Buskerud folkemusikklag og å være nestleiar i Landslaget for Spelemenn i fleire periodar.
  
 
 
På kvelden var det god gammaldags dansefest med runddans og bygdedans. Kenneth de Gala, Synne Frogner, Håvard Kjøntvedt og Numedal spelemannslag sørga for variert dansemusikk. Her ser du Numedal Spelemannslag under leiing av Bård Vegard Bjørhusdal (til høgre).
 
 
På kvelden kunne folk praktisere det dei hadde lært på kurset.
 
 
Kursleiar Sigbjørn Rua demonstrerer her korleis første turen i springaren skal dansast.
Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)