Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Ã…rsmelding og regnskap for 2012
1. mars 2013

Årsmelding for i Numedalslaget i Oslo for 2012 finner du her. Regnskapet finner du på slutten av artikkelen.

 Årsmelding for Numedalslaget i Oslo 01.01. – 31.12.2012

 

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

Svein Aasen har vore kontaktperson til BLS og NU.

Tillitsvalde i 2012: sjå vedlagte liste.

 

I meldingsåret hadde laget 41 medlemmar.

Av desse er 4 bimedlemmar (hovedmedlem i eit anna lag i NU/BLS)

Det er 6 æresmedlemmar:  Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Jøran Strysse, Levor Traaen, Gunnar Ulbåsen og Svein Aasen,

og 1 livsvarig medlemskap: Valborg Dyrnes

  

Aktivitetar:

-    I meldingsåret har det vore 1 styremøte / arbeidsmøte + årsmøte 29.02. (elles e-post - kontakt).  

-    Råkåfiskfest på Røa Samfunnshus 21.01.

-    12. – 15. april var ”Danseru”- gjengen frå Buskerud, ca. 30 ungdommar i alderen 16-22 år, i Oslo. Dei øvde inn dei siste detaljane før premieren på ”Liti Kjersti” på Riksscena. Numedalslaget og Hallinglaget laga mat til ungdommane, i Nordahl Brunsgt.22, frå torsdag kveld til lunsj søndag, samt hjelpte til med anna arbeid. Både Numedalslaget og Hallinglaget stilte med 7 medhjelparar.

-    Ingen fellestur til Lagshytta i Lommedalen i år. Levor Traaen har gått opp tomtegrensene for hytta sammen med grunneigaren, pga hogst i området.

-    Lagsavisa ”Numedølen”  kom ut med eitt nummer (i oktober).

-    Laget har eiga heimeside på internett. Kontaktperson har vore Lars Peder Larsgård

-    Folkedansgruppa i laget har vore aktiv gjennom heile året. Sjå eiga årsmelding.

Råkåfiskfest  21.januar 2012

Festen vart halden på Røa Samfunnshus

Det var 98 personar til bords, av desse var 77 fullt betalande

Attåt fisken var det som vanleg både kling, mandelpotet, lauk og rømme.  

Festen blei leia av Nils Øyvind Bergset.

Livard Hytta, som har skrive boka ”Fjellfolkets rike. Folk og virke på Hardangervidda”, kåserte med ”Folk og virke på Hardangervidda” som tema.

Musikken sto Kjell Vidars for.

Økonomi – sjå vedlagte rekneskap 2011

  

Heimeside / e-post Numedalslaget i Oslo

Heimesida til Numedalslaget finn ein på www.numedalslaget.no

Numedalslaget har ikkje e-post adresse lenger, men ein kan bruke e-postadresse til styremedlemmar. 

Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)