Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Vellykka råkåfiskfest
27. desember 2012
Råkåfiskfesten 2013 blei arrangert på Røa Samfunnshus laurdag 26. januar. På menyen stod som vanleg råkåfisk frå Bjornesfjorden og lefsekling frå Veggli. Det var interessant foredrag om utvandringa til Amerika og variert dansemusikk med Fanteladdane.
 
  
 
  
Råkåfiskfesten 2013 blei vellykka med over 70 til bords. Festen blei leia av Nils Øyvind Bergset. Laget minna 3 sentrale medlemmer som hadde gått bort det siste året: Norunn Lødemel Aasen. Alf Åmot og Olav Mogan.








Sverre Mørkhagen fortalde om utvandringa til Amerika og spesielt om rolla til Numedølene i dette. Han trakk historiske linjer tilbake til tida før Napoleonskrigane kor religiøse minoritetar vart forfølgde i Norge. Også nordmenn i fangenskap under Napoleonskrigane var sentrale for den seinare utvandringa. Stavanger og området rundt var av naturlege årsaker viktig for ferdene vestover.

Det var her Ole og Anstein Nattestad frå Veggli fekk høyre om den nye landet i 1836, og året etter tok dei med seg Halstein Fløse og drog over. Når Anstein i 1838 kom attende til Veggli og fortalde om det han hadde opplevd, vart det starten på ei stor utvandring frå Numedal.
 
Mørkhagen fortalde også om Tollef Bache frå Uvdal som var haugianar, lensmann og handelsmann. Han bidrog mellom anna til å reise ei kyrkje og eit norsk samfunn i Muskego i Wisconsin.



Fisken kom som vanleg frå Uvdal og var levert av Olav Toen og Ola Løvstuen. Lefsene var laga i Veggli av Ragnhild Mogan. Attåt var det servert mandelpotet, rømme og lauk. Etter bordsetet vart resten av fisken og lefsene selt ut som vanleg.
  
 
 
  
Det kom folk heilt frå Numedal. Her er det Nils Friis frå Nore som takka for maten med eit lite vers.









Fanteladdane frå Osloområdet spela variert dansemusikk. I deira pause vart det som vanleg spela og dansa springar og gangar. Det var Per Midtstigen og Nils Øyvind Bergset som lånte seg toradar og trødde til.








Alle bilder ved Nils Øyvind Bergset.
Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)