Numedalslaget i Oslo
 
Firmainfo
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Medlemskontingent
 
Under 14 år: kr 50

14-25 år: kr 160

Over 26 år: kr 320
 
Bi-medl: kr 160
(medl i anna lag)

 

 

Send en
melding til en av
styre-medlemmene
så vi får registrert
din E-postadresse.

Årsmelding, regnskap og årsmøtereferat 2012
11. mars 2012

Årsmelding for i Numedalslaget i Oslo for 2011 finner du her sammen med årsmøtereferatet for 2012. Regnskapet finner du på slutten av artikkelen.

Årsmelding       01.01. – 31.12.2011

Laget hadde ingen formell leiar i meldingsåret.

Svein Aasen har vore kontaktperson til BLS og NU.

Tillitsvalde i 2011: sjå vedlagte liste.

I meldingsåret hadde laget 48 medlemmar.

Av desse er 8 bimedlemmar (hovedmedlem i eit anna lag i NU/BLS)

Det er 6 æresmedlemmar:  Reidun Kjønaas, Knut Kjønaas, Jøran Strysse, Levor Traaen, Gunnar Ulbåsen og Svein Aasen,

og 1 livsvarig medlemskap: Valborg Dyrnes

Aktivitetar:

-    I meldingsåret har det vore 3 styremøte / arbeidsmøte + årsmøte 09.03. (elles e-post - kontakt). Framtida til Nordahl Bruns gt.22 har vore ei viktig sak dette året, og Numedalslaget var representert på både årsmøtet og ekstraordinært årsmøte i BLS der dette blei behandla.  

-    Råkåfiskfest på Røa Samfunnshus 29.01.

-    Ingen fellestur til Lagshytta i Lommedalen i år.

-    Lagsavisa ”Numedølen”  kom ut med to nummer (februar og oktober).

-    Laget har eiga heimeside på internett. Kontaktperson har vore Lars Peder Larsgård

-    Folkedansgruppa i laget har vore aktiv gjennom heile året. Sjå eiga årsmelding.

Råkåfiskfest  29.januar 2011

Festen vart halden på Røa Samfunnshus

Det var 64 personar til bords, av desse var 45 fullt betalande

Attåt fisken var det som vanleg både kling, mandelpotet, lauk og rømme.  

Festen blei leia av Nils Øyvind Bergset.

Anne Svånaug Haugan kåserte om Folkemusikksoga for Numedal.

Levor Traaen blei utnemnt til æresmedlem.

Ragnhild Mogan, som baker klingen, og Ola Løvstuen, som leverer råkåfisk, blei tildelt hedersmerke.

Musikken sto Jennys gammeldansorkester fra Sandsvær for.

Økonomi – sjå vedlagte rekneskap 2011


Heimeside / e-post Numedalslaget i Oslo

Heimesida til Numedalslaget finn ein på www.numedalslaget.no

Eller på Numedalsweben under: lag/foreninger på nett (andre) www.numedal.net/

Numedalslaget har ikkje e-post adresse lenger, men ein kan bruke e-postadresse til styremedlemmar.

 

Referat frå årsmøtet i Numedalslaget i Oslo 29.02.2012

 

Tilstades: Nils Øyvind Bergset, Ragnhild Landerud, Lars Peder Larsgård, Bjørg Undebakke, Svein Aasen, Aasmund Flo.

 1. Opning

Nils Øyvind Bergset opna møtet og ønskte velkomen.

2. Konstituering

Nils Øyvind Bergset vart valt til møteleiar. Bjørg Undebakke og Aasmund Flo vart oppnemde til å skrive under protokollen. Bjørg Undebakke var referent.

3. Godkjenning av innkalling og saksliste

Det var ingen kommentarar til innkalling/saksliste.

4.Årsmelding 2011

Årsmelding 2011 blei lese opp av Ragnhild Landerud

Årsmelding for Folkedansgruppa blei lese opp av Nils Øyvind Bergset.

Begge årsmeldingane blei godkjende, med ein kommentarr:

-Laget har hatt utsendingar til omframt årsmøte i BLS i høve salg av eigedomen

i NB.gt 22.       

5.Rekneskap.

Svein Aasen (kasserar) gjekk gjennom rekneskapen for 2011, underteikna av kasserar og revisor 06.02.2012

Rekneskapen for 2011 blei godkjend, med nokre kommentarar:

-         Kontoen som inneheld mallom anna  pengane til Lotterifondet, bør splittast i to postar på rekneskapen, så ein ser kva del som er Lotterifondet.

Svein finn statuttane til Lotterifondet.

6.Medlemspengar 2013

Styret har fullmakt til å auke medlemspengane slik at dei til kvar tid samsvarar med det vi må betale til BLS og NU, (som vedteke tidlegare år). Den delen Numedalslaget får, endrast ikkje i 2013. (vart heva i 2012). 

7.Innkomne framlegg.

Ingen innkomne framlegg

 

8.Val

Årsmøtet gjekk til val på forslaga frå valkomiteen, leia av Bjørg Undebakke.

Desse tok attval / vald inn på ny plass (NY):

Svein Aasen: Kasserar, folkedansgruppe, fanevakt

Bjørg Undebakke: Varamedlem styret, valnemd

Kjersti Aasen: Styret (NY),Numedølen, valnemnd

Lars Peder Larsgård: Hyttestyret, Numedølen,

Nils Øyvind Bergset: Numedølen

Aasmund Flo: Revisor

Knut Kjønaas: Hyttestyret (NY), valkomite

Kenneth de Gala: Folkedansgruppe

Jøran Strysse: Fanevakt

Walborg Tuft: Lotterifond

 

 

28.02.12

Bjørg Undebakke (sign)

referent

  

Aasmund Flo (sign)                    Bjørg Undebakke (sign)

Protokollvitne  

Nyheter
Råkåfiskfesten

2018
 
Røa samfunnshus

Laurdag 27. januar
 
Støtt laget gjennom
grasrotandelen til
Norsk Tipping!

Registrere
organisasjonsnummeret
995 067 781.
 
Eller ta med
dette vedlegget
til kommisjonæren.
 

Lagets adresse: Numedalslaget i Oslo, Nordahl Bruns gt. 22, 0165 OSLO

Postgiro: 0530 19 32474

Laget er tilslutta Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs Ungdomslag (NU)